Sporhundsentralen.net

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk

Skotteikn

E-post Skriv ut PDF

 

Skotteikn, funn og ettersøket

Generelt kan ein seie at jo større dyr, jo mindre skuddreaksjon. På ein elg kan ein skyte eit perfekt skudd utan at ein kan sjå noko særleg skotreaksjon, på eit rådyr vil det alltid vere ein reaksjon om ein er borti dyret. Som regel vil det vere ein reaksjon på hjort og, men her kan det skje den fortset å beite ved lungeskot for så å verte ustødeg og ramle om. Dyr som er skremde eller mistenksame vil og vise meir skottegn enn dyr som berre beiter utan å ane nokon fare.

Er dyret treft, vil det og alltid vere bevis etter det på skotstaden. Men desse kan være veldig få og små, og dei kan forsvinne raskt. Hår bles vekk, regnet viskar vekk blod, osv. Det at ein finn kulenedslag treng ikkje tyde på bom, i dei aller fleste tilfeller er det gjennomskyting både ved perfekte lungeskudd og ved skadeskytingar. Derimot vil ein lettare finne kvar dyret stod om ein finn kulenedslaget og veit kvar det blei skote frå. Då vil ein både ha eit mindre område å leite etter blod o.l på, samt at ein kan finne kula si plassering, først og fremst høgde, på dyret. Men ein må alltid ha i bakhovudet at kula kan skifte retning på vei gjennom dyret.

Hår er det mest undervurderte ein kan finne på skotstaden. Først og fremst fortel det at dyret er truffet. Dessutan vil ein ut frå håra sin form, farge og lengde kunne seie noko om kvar dyret er treft. Jo lengre hår, jo høgare på kroppen er dyret treft. Mange ettersøksjegerar har derfor ei snitthårsbok med hårprøver frå forskjellege stader på dyret, og ein kan då samanlikna håra frå skotstaden med dei i boka. Men her og er det mange kilder til tvil, voksne dyr har normalt lenger hår enn kalver, hår fra bogen behøver ikke bety lungetreff hvis dyret stod særs skjeivt, kula kan skifta retning eller ha eksplodert.

Derfor: Alt i denne artikkelen er generelle betrakningar og ikkje absolutte sanningar. To dyr med identisk treff kan ha to heilt forskjellege skotreaksjonar.

 

Mageskot

Dyret som er trefte i mage/tarmregionen lager krul på ryggen, av og til slår det ut med bakføtene og. Flukta er som oftast roleg, sjølv om dyret kan setje stor fart rett etter skotet. Til tross for at ein ikkje treff bein, skjer det at ein ikkje får gjennomskyting og dermed ikkje finn noko kulenedslag. Det kan virke som om mageinnhaldet tek opp energien i kula. Eit dyr som er treft i mageregionen vil normale omkomme av bukhinnebetennelse innan eit døgn, kanskje allereie etter eit par timar. Det vil og normalt ta sårlege innan nokre få hundre meter, men blir det skremt opp etter kort tid kan det springe langt.
Ved gjennomskyting vil en kunne finne mageinnhold med ei karakteristisk lukt. Blodmengda kan variere frå omtrent ingenting og oppover.
I enkelte tilfelle kan tarmane stenge for kulehola, og då vil det ikkje kome noko blod av betydning i sporet. Til tross for det, mageskot vil sjeldan skape noko problem for ettersøkshunden.

 

Lunge/hjerteskot

Skotteikna på denne type varierer svært mykje, men flukta har eit karakteristisk teikn: Hovudet er framover, ikkje oppover som det vanlegvis er. Vanlegvis stoppar dyret etter maks 100m, og begynner å bli ustødig, for så å ramle. Men i sjeldne tilfelle kan dyret springe lenger, tildels mykje lenger, dette er spesielt om berre eine lunga er truffen.

Det sikraste teiknet på lungeskot er lyst blod med lungefragment, og ein vil og finne mykje blod langs sporet.

Jegeren kan sjølv følgje blodsporet 100-150m ved slike treff, men er ein usikker så tilkall ettersøkshund. Slike ettersøk er normalt enkle for hunden, og er glimrande for unghundar.

 

Ryggtaggskot

Treff i musklane og taggane ut frå ryggmargen kallast ryggtaggskot. Desse er både over og under ryggmargen, men ved treff under, så er normalt skadane på andre organ så store at det går inn i ein av dei andre kategoriane. No snakkar vi om treff i taggane over ryggmargen, og det fører til at dyret går rett ned i smellen. Det sparkar med føtene, og etter nokre sekund eller minutt reiser det seg ustøtt, for så å plutselig forsvinne som om det var uskada. På dyr som går rett ned i smellen er det svært viktig at jegeren straks gjer seg klar til eit nytt skot, og følger med på dyret. Begynn for all del ikkje å skyte på nye dyr om det fleire igjen før ein er heilt sikker på at dyret daudt. Dyr med slike skadar vil normalt overleve, men spesielt tidleg i jakta med mykje insekter kan det gå kraftig betennelse i såret, og dyret vil då kunne omkomme.

På skotstaden vil ein kunne finne varierande mengder med blod, lange hår og merke etter at dyret har sparka.

Dette er eit av dei vanskelegaste ettersøka ein kan komme ut for. Utanom såret er dyret uskada, men det er svært observant, og er vanskelegare å stille for ein laushund enn friske dyr. Beste sjansen har ein med postar ute i terrenget på trekkruter, eventuelt ein hund som kan halde igjen dyret viss det er rådyr.

 

Leverskot

Skot i levera er skot som går ørlite for langt bak. Dyret vil normalt omkomme innan eit par timar, men kan allikevel legge bak seg store avstandar på denne tida. Skotreaksjonen kan variere frå omtrent ingenting til ganske kraftig, flukta vil vere roleg sjølv om dyret er åleine.

På skotstaden vil ein finne hår og mørkt blod med leverfragment.

 

Streifskot

Streifskot er ei samlenemning på dyr som er trefte, men ikkje i vitale organ eller på nokre av dei andre stadene som er nemde her. Det ligg i uttrykket at skotreaksjonen vil variera svært på slike skot.

På skotstaden kan ein ofte finne svært mykje blod, av og til meir en ved nokon andre typar treff, men dette avtar etter kvart i sporet. Funn av hår er det som kan seie mest om kor dyret er treft.

Ettersøket vil ofte mislukkast, ofte feiler det ikkje dyret noko som helst utanom sjølve såret. Jegerar blir ofte skuffa over at ein ikkje klarer å få tak i slike dyr, spesielt med tanke på blodmengda på skotstaden.

 

Skot i framfot

Dette er ein særs vanleg form for skadeskyting. Den fremste årsaka til det er at mange jegerar har lagt seg til den uvanen at dei skal skyte lågt i bogen i eller rett bak bogen. Feilberekning av avstand av er ei anna årsak. Dersom ein skyt bratt nedover utan å sikte høgare i bogen, vil det kunne medføre at kula går under dei vitale organa. Dyret vil ramle ned framme, eller i det minste vere i ubalanse, før det spring av garde. Då kan den ein foten slenge meir eller mindre, eller dyret kan gå på den, men allikevel halte om den ikkje er avskoten.

På skotplassen kan ein finne varierande mengder med blod. I dette blodet kan ein kjenne ørsmå beinfragment om treffet er nær ledda. Er det midt på beinet, kan ein finne fragment frå "hule" bein. Det er kun i føtene dyret har slike hule bein. Hår frå foten vil vere svært korte.

Normalt ynskjer ein å komme i gang så fort som mogeleg med ettersøkjet i slike tilfelle, med mindre dyret har mista svært mykje blod, då vil det kunne svekkast om det går litt tid. Men normalt er blodtapet avgrensa, og då lærer dyret seg fort å gå på tre føter. Slike ettersøk kan ofte gå langt, og det er ei stor føremon med postar. Dyret går lett oppover, men når det byrjar å gå nedover, får det ofte større problem, og det fleste trefotingar har me fått tatt i eller like etter ein bratt nedoverbakke.

 

Skot i bakfot

Skjer oftast på dyr i fart. Dyret synk saman i bakparten, viss det stod i ro kan det og ta nokre steg bakover. Dyr med skot i bakfot har mykje større problem i oppoverbakker, men elles kan de sjå «Skot i framfot».

 

Bomskot

Ofte kan ein sjå ein enorm skotreaksjon på dyret sjølv om det er bomskot, kven hadde ikkje hoppa til om det hadde kome ei kule mellom beina? Ut frå denne reaksjonen er ofte jegeren overtydd om at dyret er treft, men då skal ein finne teikn etter det. Først og framst må ein vere sikker på at ein leitar på rett stad. Kan ein ikkje sjå kor det vart skote frå, er ein på feil plass. Kan det vere hindringar som kvistar undervegs? I så fall, undersøk om kula har vore borti desse.

 

Lenkjer

Webbjaktskolan til det svenske jegerforbundet.

Sist oppdatert mandag 15. mars 2010 14:12  

Etter skotet

Hjorteviltutvalet

Bildegalleri


Nedteljing

Endeleg er jakta i gong.

Statistikk

Artikkelvisningar : 84614