Sporhundsentralen.net

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk

Jegerapplikasjon

E-post Skriv ut PDF

Jegerapplikasjon

Sporhundsentralen har fått utvikla ein jegerapplikasjon («Jegerapp») som jegrane kan installere på sin smarttelefon. Dette er ei studentoppgåve for to studentar ved Universitet i Agder, Grimstad: Simen Chr. Andersen og Kristoffer Johansen, ei stor takk til dykk. Applikasjonen inneheld først og fremst to ting:

  • 1. Brukaren skal kunne lagre posisjonar og bruke desse seinare
  • 2. Brukaren skal enkelt får tak i Sporhundsentralen om ein ikkje finn igjen eit påskote dyr

 

Den er først og fremst retta mot jegrar som jaktar i ein eller fleire av kommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær, Sveio, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda eller Suldal, og har avtale med Sporhundsentralen. Dersom andre vel å laste den, ver venleg og ikkje ring då me ikkje kan hjelpe. Det same gjeld jegrar som har avtale med oss, men som berre testar applikasjonen utan at det er ein reell situasjon: Pass på å avbryte før de ringer til oss. Men om de kjem i ein situasjon der de treng hjelp, om det så berre er for råd, så er de svært velkomne til å ringe.

 

Dette er ei enkel rettleiing for installasjon og bruk av applikasjonen.


Installasjon

Før ein kan installere applikasjonen, må ein tillate installasjon av «apper fra ukjente kilder». Dette blir gjort ved å gå inn på «Innstillinger», «Sikkerhet», og slå på «Ukjente kilder». Andre versjonar av Android kan ha ein avkrysningsboks.

 

Last så ned sjølve applikasjonen frå denne linken, bekreft dersom du må det.

Når nedlastinga er fullført, dra ned fra toppen av skjermen og klikk på:

«JegerApp.apk - Nedlasting fullført»

Klikk på Neste/Installer, og velg Godta. Velg Åpne for å starte applikasjonen.

Du skal nå få opp dette skjermbildet som er hovudmenyen:


Bruk av JegerApp

Som ein ser over, har applikasjonen tre hovudvalg

 

  • Rapporter hendelse: Dette kan vere både i forbindelse med trafikk og jakt, og skal tilslutt føre fram til at ein er i kontakt med politi (trafikk) eller Sporhundsentralen (jakt)
  • Informasjon om oppførsel på skadeområdet: Inneheld kun tekst, husk at dette er generell informasjon, ditt tilfelle kan vere annleis
  • Mine posisjoner: Her kan du lagre posisjonar, dette kan vere kor du sette bilen, la frå deg ryggsekken, osv. Desse kan brukast seinare for navigering, sende posisjon til Sporhundsentralen, o.l.

Dersom ein har vore inne tidlegare på "Rapporter hendelse", kan det og vere ei til valg nederst: "Gjenoppta forrige økt", dette vi hugse dei valga som er gjort forrige gong ein var inne, elles vil det vere likt "Rapporter hendelse".

 

Rapporter hendelse

Velger ein dette valget, får ein opp to nye valg; "Ordinær jakt" og "Trafikk/observasjon av skadet vilt". Forskjellen på desse to valga er i hovudsak at foreslått telefonnummer for ordinær jakt er til Sporhundsentralen, for det andre er det Politiet (02800). Neste valg er kva type vilt det er snakk om; Hjort, Rådyr, Elg, Øvrig vilt. Deretter er det to spørsmål om skotstaden (skadestaden for trafikk): Kva funn som er gjort og kor mykje tid som er brukt. Svar på desse, og velg Neste. Då får ein opp kart der ein først skal markere skotstaden. Her kan ein klikke på karten der dyret blei påskote, men ein kan og velge "Bruk min posisjon" dersom du står på skotstaden. Om ein har lagra tidlegare posisjon, kan ein og velge ein av desse. Når posisjon for skotstad er valgt, klikkar ein på Neste og ein får då opp kartet igjen, men no skal ein velge punkt der ein skal møte ettersøksjegaren. Her er det ein fordel om ein f.eks har lagra "Bilen" som "Min posisjon" og velger den. Elles er det likt som posisjon for skotstaden. Velg Neste og du får opp eit skijermbilde med opsummering, her kan du og legge inn ekstra kommentarar. Velg bekreft, og du får opp eit telefonnummer du kan ringe eller sende SMS til. Ring første gongen her! Når samtalen er avslutta, og de er blitt einige om å sende posisjonane, så klikkar du på Telefonnummeret ein gong til, og vel SMS denne gongen. Så er det berre å vente på ettersøksekvipasjon på møtestaden. Dersom ein har vore på jakt ei god stund, kan det vere lurt å få i seg mat og drikke i tilfelle det blir langt ettersøk og/eller det er eit stykke å dra dyret tilbake. Mange jegrar som i utgangspunktet er i god form, klarer ikkje å henge på ettersøksekvipasjen rett og slett fordi dei har gått tomme etter ein lang dag på jakt og mykje leiting etter det påskotne dyret.

Sist oppdatert søndag 02. august 2015 10:20  

Etter skotet

Hjorteviltutvalet

Bildegalleri


Nedteljing

Endeleg er jakta i gong.

Statistikk

Artikkelvisningar : 84606