Sporhundsentralen.net

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk

Blodsporprøve

E-post Skriv ut PDF

Laurdag 16. juni arrangerer Ølen - Etne - Vindafjord Hundeklubb blodsporprøve på Fjellstøl Skianlegg i Sandeid. For påmelding eller meir informasjon, ta kontakt med Sigbjørn Matre, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen , 95023910. Påmeldingsfristen er 27. mai 2012.

 

Referat frå prøven i 2011:

Det hadde regna jevnt og trutt i lang tid, men når spora var lagde på fredagskvelden letta det, og på prøvedagen var det oppholdsver og tildels sol. Det var i år så mange deltakarar at me måtte og ta i bruk eit terreng oppi Ingriddalen, totalt vart det lagt ut 22 spor.

 

Dommarar bak f.v: Helga-Mari Tessem, Svein Jarle Aasen, Trond Frostad og Sigbjørn Matre. Prøvens 3 beste framme: vinnar Else Grindheim i midten, nr. 2 Dag Arne Matre til venstre og 3. beste Anita Lie til høgre.

 

Her er referatet frå prøven i 2010:

Fredag føremiddag var det litt hektisk ei stund då ein av dommarane måtte melde pass då ryggen hadde slått seg totalt vrang. Men etter litt ringing fekk me tak i Harald Stautland som sporty stilde opp på kort varsel. Fredag ca. kl 18 blei spora lagde, og dei første starta ca. kl. 9 på laurdagsmorgonen og siste spor var ferdig omtrent ved totida. Me var like heldige som i fjor med veret, kanskje endå heldigare då første regndråpen kom mens dommarane sat og gjorde opp kven som skulle gå av med sigeren. Det viste seg å bli Peter Rud som med sine to hundar tok første og tredje plass, mens Kai Esten Dale tok andreplassen.

Dommarar og vinnarar

Dommarar Sigbjørn Matre og Harald Stautland bak. Prøvevinnar Peter Rud framme til høgre, Kai Esten Dale til venstre.

 

Resultat:

1pr m/HP og prøvevinnar: Nesskogen's A-Junior (dachs langhår) - Peter Rud

1pr m/HP: Akki's Ap Al Sofus (dachs strihår) - Kai Esten Dale

1pr: Amarita's Marcello Dixon (dachs langhår) - Peter Rud

Totalt blei det gitt 6 førstepremiar inkludert 2 med HP, 1 andrepremie og 6 fekk 0.

Sist oppdatert torsdag 08. mars 2012 11:26  

Etter skotet

Hjorteviltutvalet

Bildegalleri


Nedteljing

Endeleg er jakta i gong.

Statistikk

Artikkelvisningar : 84608