Sporhundsentralen.net

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk

Bli med oss

E-post Skriv ut PDF

Har du lyst til å bli med oss som godkjent ettersøksekvipasje? Eller berre gå blodsporkonkurransar?

For å bli godkjent ettersøksekvipasje er det prøvar ein må gjennom. Den første er ein blodsporprøve, og den neste er fersksporprøve. Dette er offisielle minimumskrave, men for å kunne fungere i ein sporhundsentral er det fleire kriterier som må vere oppfyllte, det mest innlysande er sertifikat og tilgang til bil. Dersom ein ikkje er jeger og kan avliva vilt og ta vare på det etterpå, legg det og begrensningar på kva oppdrag ein kan ta, spesielt i samband med påkjørslar.

Dette gjer ein ikkje for å bli rik, i skrivande stund er betalinga 500,- pr. ettersøk + bilgodtgjersle uansett ver og tid på døgnet, og eit ettersøk med reisetid kan fort ta både 5 og 10 timar, så skjønar ein at dette gjer vi av idealisme. Her er nokre andre grunnar til ikkje å begynne med ettersøk.

Men mange brukar blodspor som konkurranse for hunden utan å gå ettersøk, dette er ein svært sunn og god aktivitet for både førar og hund. Dette er mykje god informasjon å finne om korleis komme i gang med blodspor og ettersøk både i bøker og på nettet. Ekvipasjane våre trenar og regelmessig, og dei tek deg gjerne med for å vise og fortelje deg korleis dette fungerer. Ta kontakt på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen så set vi deg i kontakt med ein ekvipasje nær deg.

Har du trent sjølv og meiner hunden er klar for prøve, kan du ta kontakt direkte med ein dommar. Følgjande av sporhundsentralen sine medlemer er og dommarar:

  • Helga-Mari Tessem, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen , Fitjar-Stord Hundeklubb
  • Sigbjørn Matre, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen , Ølen-Etne-Vindafjord Hundeklubb
  • Dag Arne Matre, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen , Norsk Schweisshundklubb

 

Sist oppdatert fredag 20. mai 2011 20:05  

Etter skotet

Hjorteviltutvalet

Bildegalleri


Nedteljing

Endeleg er jakta i gong.

Statistikk

Artikkelvisningar : 84613