Sporhundsentralen.net

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk

Sporhundsentralen

E-post Skriv ut PDF

Sporhundsentralen si hovudoppgave er å organisere og gjennomføre ettersøk etter skada vilt for vald både i samband med jakt og påkjørslar, samt å driva opplysningsarbeid i området.

 

Sporhundsentralen vart oppretta i 1989 og dekkjer kommunane Karmøy, Haugesund, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. I området med dekkjer var det i 2009 ca. 3300 tildelte hjorteløyver, i tillegg kjem ein god del rådyrløyver og nokre elgløyver i dei austlegaste kommunane. Antalet ettersøk ligger på rundt 100 pr. år på jakta, og eit sterkt varierande antall ettersøk etter påkjørt vilt.

Me held til på sørvestlandet

Sentralen vart oppretta i 1989 då det var kjent at frå og med 1994 skulle alle som jakta elg, hjort og rådyr ha avtale med ein godkjent ettersøkshund. Det har ikkje vore vanleg å bruke hund til jakt i vårt område, då bruk av hund på hjortejakt krev større jaktlag som postar ut, medan det her vanlegvis er ein eller nokre få jegrar som jaktar i lag. Unntaket her er bandhundsjakt som er mykje vanlegare lenger nord, men som og har begynt i komma litt her.

Antall ekvipasjar som er tilknytta Sporhundsentralen varierer jo sjølvsagt litt, men ligg stort sett rundt 10-15, og med naturleg avgang blir det då skifta ut 1 til 2 hundar i året.

Sporhundsentralen deltek og på møter og samlingar i distriktet. Ønskjer du at me skal komma og fortelje om oss på møte i ditt storvald, ta kontakt.

Sist oppdatert søndag 14. mars 2010 09:09  

Etter skotet

Hjorteviltutvalet

Bildegalleri


Nedteljing

Endeleg er jakta i gong.

Statistikk

Artikkelvisningar : 84599