Sporhundsentralen.net

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk

Foring av hjort

E-post Skriv ut PDF

Stavanger Aftenblad hadde ein artikkel om foring av hjort i Imsland. Det høyrer med til historien at akkurat her vart ei kolle påkøyrd i slutten av februar. Denne var funnen og avliva eit par hundre meter vekke, og ho var svært mager.

Det var og funne ein kalv rett nedanfor foringsplassen, den hadde mest sannsynleg svolte ihjel. Det er heilt klart at den tøffe vinteren me har hatt i år har tæra hardt på kreftene til dyra, og dei treng alt dei kjem over av næring. Men ein kan allikevel stille spørsmål om det er rett å fora så nær veien. Men samstundes har det vore så mykje snø at det har vore umogeleg å frakta siloballar ut i terrenget, skogsbilveiar har vore heilt uframkomelege.

 

Sist oppdatert fredag 12. mars 2010 10:23  

Etter skotet

Hjorteviltutvalet

Bildegalleri


Nedteljing

Endeleg er jakta i gong.

Statistikk

Artikkelvisningar : 84624