Sporhundsentralen.net

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk
Sporhundsentralen.net

Jegerapplikasjon

E-post Skriv ut PDF

Jegerapplikasjon

Sporhundsentralen har fått utvikla ein jegerapplikasjon («Jegerapp») som jegrane kan installere på sin smarttelefon. Dette er ei studentoppgåve for to studentar ved Universitet i Agder, Grimstad: Simen Chr. Andersen og Kristoffer Johansen, ei stor takk til dykk. Applikasjonen inneheld først og fremst to ting:

  • 1. Brukaren skal kunne lagre posisjonar og bruke desse seinare
  • 2. Brukaren skal enkelt får tak i Sporhundsentralen om ein ikkje finn igjen eit påskote dyr

 

Den er først og fremst retta mot jegrar som jaktar i ein eller fleire av kommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær, Sveio, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda eller Suldal, og har avtale med Sporhundsentralen. Dersom andre vel å laste den, ver venleg og ikkje ring då me ikkje kan hjelpe. Det same gjeld jegrar som har avtale med oss, men som berre testar applikasjonen utan at det er ein reell situasjon: Pass på å avbryte før de ringer til oss. Men om de kjem i ein situasjon der de treng hjelp, om det så berre er for råd, så er de svært velkomne til å ringe.

 

Dette er ei enkel rettleiing for installasjon og bruk av applikasjonen.

Sist oppdatert søndag 02. august 2015 10:20 Les mer …
 
 

Utvida hjortejakt

E-post Skriv ut PDF

I dei nye forskriftene frå DN er det frå og med hausten 2012 hjortejakt frå 1. september til og med 23. desember. Ein kan lese meir på sidene til DN.

Sist oppdatert torsdag 08. mars 2012 11:31
 

Ettersøksseminar

E-post Skriv ut PDF

Sporhundsentralen arrangerte eit seminar i Sandeid den 2. og 3. april 2011. Me hadde fått tak i 3 føredragshalderar frå Danmark. I Danmark er det relativt få registrerte schweisshundførarar, men til gjengjeld går desse mange ettersøk samanlikna med oss. Det var derfor mykje erfaring som var på besøk. Opplegget var at laurdagen blei det mykje førelesningar inne, men ein tur ut like etter middag for å gå et "kvalifikasjonsspor" fekk me med oss. Søndagen blei det to spor ute, eit for ein erfaren hund og eit for ein uerfaren.

Sist oppdatert fredag 20. mai 2011 19:50 Les mer …
 

Skriv ut brosjyre

E-post Skriv ut PDF

Hjorteviltutvalet har i år fått laga ei brosjyre som og fungerer som dokumentasjon på avtale om ettersøkshund. Dersom du ikkje har fått denne, eller mista den, kan du lage deg ei ny. Her er vegleiinga.

Sist oppdatert onsdag 28. juli 2010 20:18 Les mer …
 


Side 1 av 2

Etter skotet

Hjorteviltutvalet

Bildegalleri


Nedteljing

Endeleg er jakta i gong.

Statistikk

Artikkelvisningar : 71628